Hopp til hovedinnhold

Arne Nordtømme

Arne Nordtømme, kjent som ”Foto-Arne”, (f. 1946) har på oppdrag frå ulike management og plateselskap fotografert trønderske artistar frå omkring 1974. Han var særleg aktiv i 1980-åra, men er framleis (2014) å observere med kamera på kulturelle tilstellingar. Trondheimsfotografen har hatt frilanseoppdrag for mellom anna Dagbladet og Det Nye, men har jobba mest for Se & Hør.

Nordtømme starta i lære hos Fotograf Melhuus i 1972, og etablerte eigen verksemd og eige atelier to år seinare. Det var stort sett artistar med kommersiell suksess som utgjorde kundegruppa, nokre av dei med internasjonale karrierar, nokre med mykje hår. Pressebileta, særleg frå 1980-åra, ber preg av ein musikkindustri i vekst, store produksjonar, ambisjonar og dekadente artistimage.

Samlinga på Rockheim inneheld for det meste studiobilete, tatt til promo-bruk, men òg nokre konsertfoto. Omfanget på samlinga er 151 bilete, beståande av både farge- og svart-kvitt-foto. Blant dei fotograferte artistane er TNT, Stage Dolls, Casino Steel, Claudia Scott, Åge Aleksandersen, The Kids og Dag Ingebrigtsen.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1