Bandet på veggen

Om The Beatnicks og musikkplakatpolitikk i 1960-åra.

  • The Beatnicks
    1/1

Denne artikkelen har også vært på trykk i Musikkmagasinet Eno, #1/2014.

Oslobandet The Beatniks (utan c) blei etablert i 1961, men endra skrivemåte til The Beatnicks i 1964. Ifylgje fotoet på plakaten var dei unge, alvorlege menn.

Dei var kledd i mørke dressar, kvite skjorter, hadde nykjemma hår, polerte sko og tre gitarar.​Dei var rake i ryggen og stramt oppstilte.​Eit seriøst rockeband, med andre ord, der alle medlemmane ser ut til å vere likestilte. Her er ingen frontfigur som skil seg ut verken i utsjånad, plassering eller posering.

Det er bandet med stor «b», og ikkje enkeltindivid som blir presentert.

  • The Beatnicks: Plakat
    1/1
    The Beatnicks anno 1964. Frå venstre: Svein Finjarn, Oddvar Gundersen, Carsten Deberitz, Truls Lorck og Kåre Haugen. Plakaten er produsert av Arne Bendiksen A/S (Triola), som i den tida var plateselskapet til bandet. Den blei donert til Rockheim av Beatnicks-gitarist Svein Finjarn (f. 1946) i 2008. Fotografen er inntil vidare ukjent. Men fotoet ser ut til å vere tatt i Malerhaugveien på Etterstad, der selskapet hadde kontor og lydstudio. Trykkeriet er, ifylgje Tore Bendiksen, Sekkelsten.

Dette fortel mykje om musikken på denne tida. For mannlege popartistar var 60-åra bandet sitt tiår. Inspirasjonen kom no som tidlegare frå det store utlandet, fyrst frå The Shadows, og deretter The Beatles.

I 1963 var gutane i The Beatniks i Göteborg, Sverige, der bandet fekk oppleve The Beatles i levande live. Etter dette avgjerande møtet skifta dei frå å vere eit shadowsband, som spelte instrumentalmusikk, til å bli eit beatband. Dei tjukke, grøne ulldressane blei erstatta med moderne, svarte «beatlesdressar».

The Beatniks-gitarist Svein Finjarn fortel at dressane dei hadde på seg på bilde var handlaga og bestilte med mål om å vere identiske med dressane til The Beatles. I 1965 slutta Finjarn. Bandet gav ut albumet And now! The New Beatnicks i 1967, før dei i 1969 skifta namn til Titanic.

Svært mange kulturplakatar eksisterer midt mellom kunst og kommers. Dei to ytterpunkta har eksistert side om side sidan gjennombrotet for den litografiske fargeplakaten i Norge i slutten av 1890-åra – i teaterplakaten, filmplakaten og musikkplakaten. Kunsthistorikar og plakatekspert Jorunn Veiteberg snakkar om den kunstnarlege kulturplakaten, og om kulturplakaten som rein reklame.

Veiteberg trekkjer òg fram ei oppblomstring i 1960- og 70-åra, og omtalar den som ein plakatrenessanse, der festivalar og klubbar satsa meir på plakatar enn det eldre kulturinstitusjonar gjorde. Inspirasjonen til dei kunstnarleg orienterte plakatane kom frå polske kulturplakatar – som vart støtta av den polske stat, samt ein plakatstil som sprang ut frå grasrotrørsler i vesten, særleg USA, California og hippierørsla.

Den sistnemnde, forbunde med fredsbodskapen, musikken og dopen (LSD), fekk namnet psykedelisk. Det var ein stil som blanda impulsar frå art nouveau med samtidas op art og popkunst.1

Beatnicks-plakaten høyrer til den andre sjangeren innan kulturplakatsfæren – sjangeren som heilt klart utgjer majoriteten. Beatnicks-plakaten er fyrst og fremst reklame. Like fullt er den flott. Designet er enkelt, direkte i uttrykket og kommuniserer godt.

Det var ikkje alltid enkelt å livnære seg som pop- og rockeartist i Norge i 1960-åra. Plakaten manifesterer ei tid og ein kultur der det var lite rom for og pengar til å kome opp med noko fiksfakseri. Det fortel Svein Boye Andersen, som var ein svært aktiv musikkfotograf i same tid, som mellom anna tok bilde for POP-Revyen mellom 1966 og 1970.

Dei tre instrumenta bandet held i hendene kommuniserer at gruppa spelar gitarbasert musikk, og at dei har fokus på handverket. Dette stemmer godt overeins med det musikalske uttrykket til The Beatnicks.

Bandet – og det dei har levert – er i størst grad solid handverk som resultat av flinke instrumentalistar, og i mindre grad innovativ komponering, arrangering og produksjon. Dei var, som dei fleste andre norske poporkestera i 1964, ekspertar på å etterlikne dei internasjonale førebileta sine, og tente til livets opphald gjennom å spele både tre og fire lange sett til dans på lokalet. Plakaten er reklame for livebandet The Beatnicks, og gir uttrykk for verdiar i tida og samfunnet, samt bandets arbeidsmoral.

Posteren er unik, men ikkje aleine. Den representerer ei stilretning, ein designformel eller grafikk som saman med mykje anna prega det visuelle innan norsk pop og rock i 1960-åra. Den representerer også norsk musikkindustris pioner, Arne Bendiksen, maskineriet rundt, og ein utbreidd marknadsførings- og plakatproduksjonsmetode.2

Gjennom platemerket Triola viste Bendiksen i 60-åra ei forståing for mekanismar som var avgjerande for bransjens struktur og framtid. Det visuelle som stil, design og image var viktig. Triola-platene hadde gjennomtenkte omslag, som refererte til gjeldande grafiske trendar.

Bendiksen er ansvarleg for å ha bygd opp merkevarer i mange ulike leirar, med artistar med lite til felles. Eksempelvis popikonet Wenche Myhre og r&b-bandet Public Enemies. Omslaga fekk etter kvart tydlege særtrekk, som peika mot sjangeren dei representerte. Det same gjaldt plakatproduksjonen, sjølv om den var av mindre omfang, og i større grad har gått tapt.

Plakatproduksjonsprosessen var i dette og mange andre høve som fylgjer: Arne Bendiksen A/S leverte logo, tekst og bilde direkte til trykkeriet som sette opp og trykte plakatar over same lest igjen og igjen. Barry Matheson, som jobba i selskapet i den tida, fortel at Triola alltid godkjente produktet før det blei sett i produksjon.

I plakatsamlinga til Rockheim eksisterer det tilsvarande plakatar av band som The Saunters(Triola), The Blue Secrets (Fontana), The Cannons (HMV), The Cliftones (RCA), The Cool Cats(Sonet og Triola) og The Dynamites (Troll).
Designet er det same: svart/kvitt bandportrett, felles komposisjon og typografi med bandlogo i raud skrift. Desse banda har musikalske fellestrekk. Kanskje hadde dei òg felles trykkeri?

Fotnoter

1. Vise- og lyrikk-festivalen i Haugesund i 1971 og 1972 hadde fine plakatar teikna av Henny Lie som seinare er blitt kjent kunstfotograf. Club 7 i Oslo hadde ikkje råd til påkosta trykksaker, men dei mange lågbudsjettplakatane deira i svart-kvitt og utan for mange fiksfakseri, representerte likevel ei klår holdning til plakatmedie. Kalvøyafestivalen hyra i mange år Morten P. Rolfsen til å designa plakatane. Dei er fulle av pastisjar, dekorative border og leikande detaljar. Plakatsamlinga til Rockheim inneheld plakatar frå både Vise- og lyrikk-festivalen i Haugesund og Kalvøyafestivalen, Henny Lie og Morten P. Rolfsen.

2. Blant dei største utgivarane av norsk rock i 1960-åra var Philips (nederlandsk selskap med norsk avdeling leia av Haakon Tveten), RCA (NERA, Arve Sigvaldsen), Nor-Disc (Totto Johannessen), Troll (Jørg-Fr. Ellertsen) og HMV. Samt dei mindre etikettane Manu, Sonet, Nor Artist og Triola, som alle hadde ein link til Arne Bendiksen A/S.

Skriftlege kjelder

Bakken, W: Norge i rock, beat & blues, Del 1 1955 – 1971, Erik Sandberg as, 1983

Bettum, Baggerud, Lien og Lundesgaard: Norske plateomslag. Et tilbakeblikk på norsk musikks utseende, Lundesgaard forlag, 2008

Holm, Y: Platesnurr: grammofonen 100 år, Norsk kunstforlag, 1977

Veiteberg, J: Den norske plakaten, Pax Forlag AS, 1998

Aas, M: Spilletid. Norsk platebransjes historie i 100 år, Macta forlag, 2007

Plakatsamlinga på Rockheim

Munnlege kjelder

Barry Matheson,

Svein Boye Andersen,

Svein Finjarn,

Tore Bendiksen,

Terje Engen