Hopp til hovedinnhold

Far Out! Psychedelic art. US and UK posters 1966-1970

Sommaren 2014 tar Rockheim deg med på tur, på tur til San Francisco og London anno 1967. Far Out! Psychedelic Art syner visuelle høgdepunkt innan sjangeren psykedelia, og er basert på delar av den private samlinga til den svenske musikaren og samlaren Jan Brandter. Utstillinga inneheld kanon innan psykedelisk plakatkunst, men òg musikk, plateomslag, postkort, program og billettar.

  • 1/1

Rockheim Galleri, 23. mai - 12. oktober 2014

Av representerte designarar kan me trekkje fram dei som ofte blir referert til som dei fem store innan amerikansk psykedelia: Wes Wilson, Victor Moscoso, Stanley Mouse, Alton Kelley og Rick Griffin. Desse fem fekk ekstra merksemd allereie i 1960-åra då dei blei kuratert til psykedelia-utstillinga Joint Show i eit større kunstgalleri i San Francisco i 1967.

Rockheimutstillinga inneheld også svært verdifulle plakatar av dei tre største innan britisk psykedelia – Michael English, Nigel Waymouth og Martin Sharp. Her er altså smakebitar frå dei nummererte seriane til Bill Graham (arrangør på the Fillmore), the Family Dog (arrangør på Avalon) – materiale som mellom anna har vore utstilt på San Francisco’s Museum of Modern Art (1976), og frå kunstnarduoen Hapshash and the Coloured Coat som designa til den sagnomsuste psykedeliske klubben UFO i London West End, der Pink Floyd og Soft Machine var husband. I 2000 var det ein stor retrospektiv Hapshash-utstilling på Victoria & Albert Museum i London, og i 2005 var Hapshash og Sharp representert i utstillinga Summer of Love: Psychedelic Art, 1967ved Tate Gallery Liverpool.

Plakatane fortel historia om då kommers blei til kunst, pop blei til rock, populærmusikkens songtekstar fekk litterær eigenverdi, PA-anlegget blei utvikla, den fyrste musikkfestivalen blei arrangert, platestudioet blei lydlaboratorium, plateomslaget blei ein integrert del i eit heilskapleg kunstnarisk uttrykk, rockekonsertar med tilhøyrande lys-show blei introdusert og eksperimentering innan design av musikkplakatar resulterte i nyskapingar innan trykketeknikk, for å nemne noko.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1