Hopp til hovedinnhold

Fin Serck-Hanssen

Kunstfotograf Fin Serck-Hanssen (f. 1958) har sidan starten av 1980-åra gjort karriere både nasjonalt og internasjonalt. I tillegg til sine musikkfoto, er han kjent for å ha tatt nære og usentimentale portrett av minoritetsgrupper som aidssjuke, fengselsinnsette, Nordsjødykkarar og homofile. 

Serck-Hanssen er representert ved ein rekkje sentrale kunstinstitusjonar, som til dømes: Victoria & Albert Museum (London), National Media Museum (Bradford) og i Museum for Samtidskunst i Oslo. For meir informasjon: http://www.serck.no/cv.html 

Utstillinga Fin Serck-Hanssen. Musikkfoto fra 1979-1986, vist i Rockheim Galleri hausten 2011, var basert på materiale i boka In Between Pictures. Photographs 1979-1986 (2011). Denne inneheld 167 Serck-Hanssen-fotografi i svart-kvitt av pur unge punkarar, seinare legender, tatt i Noreg og Storbritannia i perioden 1979-86. Fotografia er både unike dokument frå det alternative rockemiljøet og stilsikre estetiske objekt.

Blant dei fotograferte er den fyrste generasjonen norsk punk: Hærverk, Oslo Børs, Kjøtt, The Aller Værste. Han fotograferte også publikum, anten det var på Pilen, ABC-teateret eller Uffa-huset i Trondheim. Etter at Serck-Hanssen starta på fotoskule i Derby i 1981, fortsette han å gå på konsertar og ta bilete også i England.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller
rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller
rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1