Hopp til hovedinnhold

Fotogjengen

Fotogjengen er ein gjeng ved Studentersamfundet i Trondhjem. Gjengen har som oppgåve å dokumentere alle aktivitetane på Samfundet fotografisk, inkludert under UKA og under ISFiT. Fotogjengen blei etablert 7. oktober 1958, med utgangspunkt i Studentenes Kameraklubb, som igjen hadde sitt utspring i ARK (Akademisk Radioklubb). Ved oppstart hadde gjengen åtte medlemmer. I 2014 har den ni. 

Den fotografiske dokumentasjonen til studentane i Fotogjengen har resultert i eit større stillbildearkiv med foto frå konsertar og andre arrangement i regi Studentersamfundet. Denne samlinga består i omkring 320 000 foto, der rundt 150 000 er digitaliserte. Bileta finns som negativar, positive papirkopiar, positive dias og som digitale bildefiler. Det er stort sett svart-kvitt-fotografi, mykje av mørkeromsarbeidet er gjort av studentane sjølve. 

Gjennom ein avtale gjort med Fotogjengen har Rockheim tilgang til, og løyve til å tilgjengeleggjere ”musikkbildearkivet” til Studentersamfundet.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1