Hopp til hovedinnhold

Kåre Vestrheim

Kåre Christoffer Vestrheim (f. 1969) er ein norsk plateprodusent, musikar (gitar, keyboard, vokal) og komponist frå Sarpsborg.

Som musikar starta han bandet Locomotives saman med Georg Buljo i 1991, og var med til bandet blei oppløyst i 2001. Deretter har han stort sett arbeidd som produsent, frå studioet i Propeller Music Division. Blant artistane han har produsert er Odd Nordstoga (Luring, 2004), Gåte (Iselilja, 2004), Marit Larsen (Under the Surface, 2006, The Chase, 2008 og Spark, 2011), Motorpsycho (Heavy Metal Fruit, 2009), Åge Aleksandersen (Furet Værbitt, 2011) og Ida Jenshus (Someone To Love, 2012).

Denne polaroidserien er del av ei større samling donert av Vestrheim/Locomotives til museet i 2009. Bileta er tatt på småbruket til Vestrheim, der Locomotives hadde lydstudio og spelte inn albumet G.R.I.L.L. (1997). Polaroidene er trykt i plateomslaget på albumet, og er brukt i musikkvideoen til låta "Universe".

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1