Kassetten Treetop Drive

Musikalske opplevingar kan handle om fråvær, tap, og det som blir igjen, like mykje som dei kan handle om spenninga i augneblinken og forventingar til det som kjem. Lyd er avhengig av stillhet for å eksistere – av lufta mellom tonane. Iblant skildrar musikk kjensla av avgjersler som er tatt, vegar som er velde og det som er etterlatt.

  • Treetop Drive: Kassett
    1/1

Det mørke og atmosfæriske albumet Treetop Drive blei komponert for tjue år sidan. Den 9. desember 1993 holdt Deathprod (Helge Sten) konsert i eit visningsrom på Kunstakademiet i Trondheim. 1 Med på laget hadde han Motorpsycho-gitarist Hans Magnus Ryan som fiolinist og medkomponist. Sten og Ryan satt inne i eit transparent nett forma som ein kube som kunstnaren Vegar Moen projiserte film på. Dei tok opp konserten på ein enkel DAT-tape og syntes resultatet var såpass bra at det kunne gis ut.

Treetop Drive blei fyrst utgitt på kassett, av Sten sjølv, i eit opplag på tjuefem til tretti eksemplar.2 Kassettane blei kopiert ein om gongen frå den originale DAT-masteren, og fekk ei utradisjonell innpakking. Harald Nissen – ein sentral skikkelse i undergrunnsmiljøet i Trondheim i 1980- og -90-åra, donerte ei samling obskure utgjevingar til Rockheim i 2010, deriblant denne.

Kompaktkassetten med plastcover står inne i ei pappeske. Når du opnar eska, opnar også kassettetuiet automatisk. ”Jeg valgte boksen fordi jeg kunne lage en mekanisme som åpnet kassettetuiet samtidig som man åpnet lokket i boksen”.3

  • Treetop Drive: boks
    1/3
  • Treetop Drive: fotografi
    2/3
  • Treetop Drive: kassett
    3/3

På framsida av pappeska er det limt på ein liten konvolutt som inneheld 22 ulike innstikk. Desse innstikka er små kort med turist/landskapsfoto i svart/kvitt som Sten fann på ein brukthandel i Fjordgata i Trondheim.

Under vårt intervju med Sten kunne han fortelje at han opplevde eit samsvar mellom stemninga i musikken og fotografia. Lydkunstnaren stod sjølv for formgivinga og produksjonen av opplaget som fann stad i  Gregus gate 10. Dei få eksemplara blei i hovudsak seld privat, men nokre via UFFA Bokkafé.

Lenge før det blei enkelt å dele musikk på internett, var kassetten det viktigaste mediet for utveksling av undergrunnsmusikk. ”Tapetrading” var svært utbreidd i mange miljø i 1980- og 1990-åra. Menneske frå heile verda kom i kontakt med kvarandre gjennom felles musikkinteresser.4

Den uavhengige, norske kassettkulturen stod på sitt sterkaste i 1980-åra. Eit av dei tidlegaste døma er Magnokvekk av Arnfinn Christensen, som var sett saman av sketsjar og små, humoristiske høyrespel. Den norske ”kassettrørsla” blei ein viktig kanal for underskogen av meir eller mindre alternative rockeband i fyrste del av 1980-åra.

Etterkvart delte produksjonen seg i ulike nisjar. På ein stad i det musikalske landskapet var hiphop-rørsla og housekulturen med sine ”mixtapes”. På ein heilt anna stad vaks metall-scena og støymusikken fram med demoar og miniopplag. Desse blei gjerne rekna som offisielle utgjevingar, og demokassettar er i dag ettertrakta samleobjekt.

I 1990-åra dukka enda ei kassett-nisje opp i overflata. Denne hadde røter i fluxusrørsla og ”mail-art” frå 1970-åra, og stod for ekstremt forseggjorte utgjevingar, med utagerande coverdesign og eksperimentering med den fysiske utforminga av kassetten. Treetop Drive-kassetten kan plasserast i denne tradisjonen.

Mail-art-røsla, som oppstod i 1950-åra, var ei gruppe kunstnarar som brukte det internasjonale postsystemet til å sende kvarandre illustrerte brev og konvoluttar, snodige objekt og handlaga miniatyr-kunstbøker. Den amerikanske kunstnaren Ray Johnson blir rekna  for å vere den fyrste mail-art-kunstnaren. Ein av pionerane i England var musikaren, magikaren og media-manipulatoren Genesis P-Orridge, som i 1976 blei meld av det britiske postverket for å ha sendt ut obskønt og usømmeleg materiale.

P-Orridge var elles ein nær venn av forfattaren William Burroughs og kunstnaren Brion Gysin. Han brukte ideane deira om cut up-estetikk i eit radikalt musikalsk rammeverk i banda Throbbing Gristle og Psychic TV. Han starta òg plateselskapet Industrial Records, som gav namnet til den industrielle rockescena i 1980-åra.  Dei fyrste utgjevingane på Industrial Records var nettopp kassettar, som i små opplag dokumenterte medlemmane sine kontroversielle framføringar i galleri, klubbar og kunstskular.

Sten trekkjer fram personlege førebilete som Hafler Trio, Paul Panhuysen, Arnold Dreyblatt og Coil. Sistnemnde er blant dei fremste representantane innan den industrielle rocken. ”dBUT åpnet en liten butikk i Rostedsgate i Oslo (rundt 1990), som solgte små opplag av bøker, plater, kassetter og magasiner, og dette utvalget var svært interessant musikalsk og visuelt”, fortel Sten.5 “Utover dette var det et ønske om å ha et annet visuelt uttrykk som stemte bedre med musikken, enn det man kunne få med et standardisert kassettetui”.6

Den industrielle musikk-scena kan reknast som ein vital del av post-punken, som blei ein fellesterm for musikarar som hadde røter i punken frå 1970-åra, men som hadde ynskje om å lage ein meir sjølvbevisst, kompleks og eksperimentell musikk. Det kan trekkjast liner frå post-punken og fram til støy-scena i dag. I Noreg har artistar som Guttorm Nordbø, Tore Honoré Bøe og Lasse Marhaug, i tillegg til Helge Sten, henta inspirasjon i mail-art-tankegangen, som også blei grunnleggjande for utbreiinga av kassetten som ei alternativ, musikalsk uttrykksplattform.

Fotnoter

1 Helge Sten (1971) er ”berre” Helge Sten når han skrur lyd, er teknikar, eller gitarist med artistkollega og ektefelle Susanna Wallumrød. Elles er han, i all hovudsak, Deathprod.

Han starta karrieren som lydteknikar for fleire lokale band i heimbyen Røros rundt 1985, og som Led Zeppelin- og The Residents-fan. Ein av artistane han jobba med var Per Bergersen. Albumet PB (1990), utgitt av Røros fritidsklubb etter Bergersens død, er miksa av Sten. Men det var fascinasjonen for bruk av utradisjonelle og komplekse lydbilete og studioutstyr som instrument, som var utgangspunkt for etableringa av lydstudioet Audio Virus Lab i slutten av 1980-åra. Det, og nokre performance-prosjekt – gjort i samarbeid med kamerat og kunstnar Moen. Her starta eksperimenteringa med lydskissar av abstrakt art i skjeringspunktet mellom støy, ambient og minimalisme.

 I 1991/92 arrangerte Sten to Motorpsycho-konsertar på same fritidsklubb som gav ut Bergersen. Møtet var avgjerande for vegen vidare

Sten søkte seg inn på Kunstakademiet i Trondheim med mål om å jobbe med lyd og støy. Der gjekk han saman med mellom anna bilet- og multikunstnar Kim Hiorthøy, og den amerikanske poeten Matt Burt.

Mellom 1992 og 1994 var han fast medlem i bandet Motorpsycho, der han spelte theremin og keyboard i tillegg til å lage sine særeigne lydeffektar og støycollagar. Sten sette tydeleg preg på dei stilskapande platene Demon Box(1993) og Timothy´s Monster (1994). Etter to år med hard turnering velde han å hoppe av rockesirkuset og avgrense samarbeidet til å vere fast produsent for Motorpsycho. Det har han vore på dei fleste utgjevingane deira opp til albumet Little Lucid Moments frå 2008.

Eit anna viktig prosjekt i Deathprod-samanheng er frijazz/improvisasjonsorkesteret Supersilent, som har vore hovudprioritet sidan 1997. I tillegg til eigen solokarriere, Motorpsycho og Supersilent er Helge Sten ein sentral musikkprodusent innan norsk pop, rock og jazz. Omtrentleg åtti utgjevingar har han medverka på som anten teknikar eller produsent. Elles har han laga musikk til danseforestillingar, teater, performance og eigne bestillingsverk. I 2011 etablerte Sten eit improvisasjonssamarbeid med den tidlegare Led Zeppelin-bassisten John Paul Jones, under namnet Minibus Pimps.

2 CD-en kom i eit opplag på 500 eksemplar på selskapet Metal Art Disco i 1994, og inneheld eit spor som ikkje er på kassetten – ”Towboat”. ”Towboat” blei laga i same and, i same tid, men er innspelt i heimestudioet til Sten i Gregus gate nokre månadar etter konserten på Kunstakademiet. Dette var utgjeving nummer fire på denne underlabelen til Voices Of Wonder. I 2004 blei albumet gitt ut på ny som ein del av den svarte Deathprod-boksen (som består av fire cd-plater).

3 Sten, H. i epost til Rockheim 06.08.2014

4 Det var det nederlandske selskapet Philips som utvikla det kompakte kassettformatet laga for diktering og heimeopptak. Selskapet lot andre produsentar ta teknologien i bruk utan vederlag, noko som medverka til at formatet fekk rask og stor utbreiing. Den opne haldninga frå Philips gjorde òg at mange tok del i å utvikle formatet, og lydkvaliteten blei gradvis betre. I byrjinga av 1970-åra kom både dolby støyreduksjon og chrome-band. Kassettane blei meir og meir brukt også for musikk – som ein konkurrent til LP-plata.

Kassetten var mobil, kunne spelast i bilen og var ikkje så skjør som LP-plata. Den innehaldt meir musikk, men viktigast: nokre av kassettspelarane hadde opptaksfunksjon! Folk byrja å ta opp seg sjølv medan dei snakka eller song, kopierte musikk frå favoritt LP-ar, tok opp radioprogram og eigenkomponert musikk. Med to maskinar kunne du kopiere band/kassettar og gi duplikata til venner. Kassetten med ferdiginnspelt, kommersiell musikk blei etter kvart omsett hos bensinstasjonar, bilforhandlarar og bladkioskar. I Noreg blei dei ferdiginnspelte kassettane svært populære, mellom anna på grunn av den stadig veksande bilkulturen.

Mobiliteten til kassetten blei ytterlegare understreka då berbare musikkspelarar (”ghetto blastere”), kom på banen – og ikkje minst då Sony introduserte sin Walkman i 1979. Etterkvart gjekk den ferdige innspelte musikkassetten forbi vinylplata i reint sal i Noreg – ein posisjon den haldt heilt til begge formata blei feid av banen av CD-en eit tiår seinare.

5 Sten, H. i epost til Rockheim 06.08.2014

Ibid

Kjelder

Baardsen, T: “Kassetten 50 år”, www.nb.no, 30. august, 2013

Borealis og Ekkofestivalen: Program til konsertserien ”Mellom lyden”, Bergen, mai 2013

Byrne, D: How music works, Canongate, 2012

Iversen, G: ”Mellom pastorale og dystopi – Helge Stens Treetop drive”, foredrag på Rockheim, 14. september, 2013

Kydland, E: ”Svarte Greiner”, ENO #12, 2013

Lien, M: ”Den egentlige nummer én”, Morgenbladet 10. november, 2011

Lynneberg, T: ”Støyen er musikkens fremtid”, Morgenbladet 29. juli, 1994

Skancke-Knutsen, A: ”KZ-bølgen: Bevegelsen som ikke var noen bevegelse”, 2010.

Steen, S, Ose, B. og Eggum, J: Norsk pop- og rockleksikon, Vega Forlag, 2005

Sten, H: Rockheim-videointervju, Bygdøy, 4. september, 2013

Store norske leksikon: http://snl.no/Deathprod