Maria Gossé

Maria Gossé (f. 1983) er fotograf og fotojournalist med base i Trondheim. Ho har arbeidd for ei rekkje aviser, magasin, festivalar og organisasjonar, har gjort utstillingar og bidratt til to bokprosjekt. 

Blant oppdragsgivarane hennar kan me trekkje fram: VG, Dagbladet, Aftonbladet (Sverige), Adresseavisen, Bergens Tidende, Majira (Tanzania), Business Times (Tanzania), Dagens Medisin, Gyldendal norsk forlag, Universitetsforlaget, Storåsfestivalen, Agderposten, Her og Nå, Kosmorama filmfestival, Tautrafestivalen, Hell Blues Festival, Nidaros Blues Festival, Fett og Magasinet Familien.

Fotografia i samlinga til Rockheim består av konsertfoto, digitale fargebilete tatt tidleg på 2000-talet, men inneheld òg nokre få reportasje- og pressefoto.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.