Hopp til hovedinnhold

Marthe Amanda Vannebo

Marthe Amanda Vannebo (f. 1990) er frilansfotograf, født i Namdalen og busett i Oslo. Ho er utdanna ved fotojournalistikklina ved Høyskolen i Oslo og Akershus. Vannebo starta karrieren med eit større dokumentasjonsprosjekt rundt Åge og Sambandet, som vidare resulterte i boka Hjemløs (2013), og utstilling med same namn i Rockheim Galleri.

Vannebo jobbar frilans for Bergens Tidende, Stavanger Aftenblad, Trønderavisa, Le Monde, diverse fagblad, organisasjonar og firma. Ho tar promoteringsoppdrag for band og artistar, og leverar i desse dagar (2014) fotomateriale til plateomslag for Åge Aleksandersen og Ida Jenshus. 

Dei 30 Vannebo-bileta i samlinga til Rockheim stammar frå dokumentasjonsprosjektet rundt Åge og Sambandet, og er alle tatt mellom 2010 og 2013. Dei er i hovudsak tatt med digitalt kamera og er alle i svart-kvitt. I Rockheim sitt utval på 30 foto er det nokre som er tidlegare upubliserte.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1