Mayhem-manuskript: De Mysteriis Dom Sathanas

Dette er eit originalt Mayhem-manuskript brukt på albumet De Mysteriis Dom Sathanas. Den handskrivne songteksten til tittelsporet på plata er ført i pennen av vokalist Per Yngve Ohlin (alias “Dead”), året før han tok sitt eige liv (1991).

  • Mayhem-manuskript
    1/1

De Mysteriis Dom Sathanas (1994) er det fyrste studioalbumet til det norske black metal-bandet Mayhem, og blir rekna for å vera ei av dei mest definerande utgjevingane innan sjangeren. “Månedens utvalgte” presenterer fakta rundt manuset og albumet det er brukt på, og ser nærare på ulike bodskapar og narrativ innan sjangeren, samt innhaldet i den spesifikke songteksten.

  • Mayhem
    1/1
    Fotosession heime hos Øystein Aarseth i 1988. Dei avfotograferte er, frå venstre: Øystein Aarseth, Jan Axel Blomberg og Per Yngve Ohlin. Jørn Stubberud

Satans mysterier i musikkhistoria

De Mysteriis Dom Sathanas – tittelen på albumet og siste sporet på plata – er latin. Ikkje korrekt latin, men det kan oversetjast til: “om satans mysterier/hemmelege riter”. På plateomslaget er det eit fotografi av austsida på Nidarosdomen. Det er svart og blått (lilla på det fyrste LP-opplaget), mørkt og kaldt. Bumerket, eller Mayhem-logoen dominerar i kvitt. Det er ingen songtekstar på omslaget.

  • Mayhem: De Mysteriis Dom Sathanas
    1/1

”Albumet er et eneste langt, gutturalt brøl fra dødsriket: hysterisk og fremmedartet. Terroriserende for det mottakelige øre. Komisk for det kyniske eller udisponerte”, skriv Bakke, Hobbelstad, Kvalshaug og Nilsen i boka Norske Klassikere frå 2012.

Hovudelementa er kvasse gitarar, aggresiv tromming og ”growling”. Det er vemodig tremoloriffing – mollstemt og tritonusbasert. Diskant dominerar gitarlyden. Tromminga er vill, torpederande, rytmisk kompleks, med taktskifter, høgt tempo, doble basstrommer og ”blast beat”.

”Blast beat” er eit tromme-beat som har opphav i jazzen, og liknar ein trommevirvel. Det er ein repeterande sekstandedelsfigur spelt i høgt tempo, der annakvart slag blir spelt på basstromma og annakvart på skarptromma. I tillegg kjem ei veksling mellom symbalar (ride/hi-hat/crash). Michael John Harris i Napalm Death var blant dei fyrste som tok i bruk teknikken innan rock, og skildrar den som sonisk vald, framfor rytme.

Albumet inneheld lange instrumentalparti, men innimellom slepp vokalist Attila Csihar til. Den typiske black metal-vokalen, inspirert av mellom anna Bathory, er skrikande, raspande og snerrande i eit høgt tonalt register. (Ohlin praktiserte denne teknikken/estetikken. Lytt til Live in Liepzig frå 1993).

Vokalstilen til Attila, inspirert av death metal, ligg i eit lågare leie, og er brølande og gurglande i større grad (”growling”). Stilen hans har blitt kritisert blant puritanske svartmetallere, men stemmer – som me skal sjå – godt overeins med den overordna tematikken på plata.

Lydbilete på albumet er framrusande og brusande. Medan heavy metal, thrash metal og death metal i stor grad er orientert omkring groove og rytmikk, er black metal i større grad stemningsorientert musikk.

Gitarist Øystein ”Euronymous” Aarseth (1968 – 1993) formulerte det slik i eit intervju med Musikjournalen på Sveriges Radio i februar/mars 1993: ”Vi bruker akkorder, vi bruker alle seks strengene på gitaren samtidig, og maler lydlandskaper og stemninger med maskingeværtromming i bakgrunnen”.

  • 1/1
    Filmen er frå øvingslokalet til Mayhem på gården til Stubberuds besteforeldre i Ski, og er filma av Lasse John Henry Olstad i 1989. Låten på klippet er Deathcrush, fra EPen Deathcrush, 1987.

I dokumentarfilmen Black Metal: A Documentary frå 2007, regisert av Bill Zebub, og den amerikanske boka Lords of Chaos: The Bloody Rise of the Satanic Metal Underground (1998) blir banda Mayhem, Burzum, Darkthrone, Immortal, Emperor og scenen i Noreg tidleg i 1990-åra trekt fram som black metal-bylgje nummer to. ”The early Norwegian black metal scene developed the style of their forebears into a distinct genre. Norwegian-inspired black metal scenes emerged throughout Europe and North America”. Forløparane, eller den fyrste bylgja, bestod av thrash og death metal band som Venom, Bathory, Hellhammer/Celtic Frost.

Då Sam Dunn – kanadisk antropolog og metall-fan, skulle fylgje opp den store publikumssuksessen Metal: A Headbanger’s Journey (2005), laga han dokumentarserien Metal Evolution (2011) for VH1 Classic. Både filmen og serien fortel frå eit fan-perspektiv, og har fokus på utviklinga innan sjangeren. Utgangspunktet er eit heavy-metal-slektstre som deler metallmusikken inn i tjueseks undersjangrar. Dei elleve episodane og er bygd opp kronologisk. Dunn reiser verda rundt for å intervjue pionerar innan ulike undersjangrar, på VH1 si rekning. Men då ekstrem-metallen (thrash, death og black metal) skulle være tema, sette tv-selskapet foten ned. Den historia var for valdeleg, og hadde ikkje stort nok kommersielt potensiale ifylgje VH1.

Dette resulterte i reaksjonar verda over, som vidare munna ut i at Banger Films produserte ”the lost episode”, ”Metal Evolution: Extreme Metal” i 2013. Dei åtte utvelde banda i episoden er: Cannibal Corpse (US), Carcass (UK), Mayhem (NO), Hellhammer/Celtic Frost (SW), Darkthrone (NO), Napalm Death (UK), Enslaved (NO) og Morbid Angel (US).

I 2011 landa De Mysteriis Dom Sathanas på syttisjuande plass på kåringa til Morgenbladet over dei hundre beste norske platene gjennom tidene. Komponist Lars Petter Hagen skriv dette i sitt Morgebladet-essay:

De Mysteriis Dom Sathanas er ansett som et av de mest innflytelsesrike black metal-albumene som noensinne er laget. Grunnene er sannsynligvis flere; suggerende, kompleks rytmikk, gjennomtenkt form, grandiose klanger, intens vilje. Men det er liten tvil om at albumets historie også bidrar til mytologiseringen. (Lars Petter Hagen i Morgenbladet Topp 100, 2011:55)

Arbeidet med plata starta allereie i 1987, men utgjevinga blei utsett til 1994. Årsaka var fyrst sjølvmordet til vokalist Ohlin, som førte til at bassist Jørn Stubberud (“Necrobutcher”) tok ein pause, og overlot plassen til Kristian (Varg) Vikernes. Vikernes er fyrst og fremst kjent for kyrkjebrannar og det brutale drapet på bandkollega og gitarist Aarseth i 1993. Albumet blei utgitt etter Aarseths død, rett før Vikernes blei dømt, og inneheld dei siste låtane til Aarseth, og tidlegare vokalist Ohlin sine tekstar. Slikt blir det mediemerksemd og myter av.

Dei medverkande på albumet er Attila (vokal), Aarseth og Snorre ”Blackthorn” Ruch (gitar), Ohlin (tekst), Vikernes (”Count Grishnackh”) på bass, og Jan Axel Blomberg (“Hellhammer”) på trommer.

Albumet blei innspelt i Grieghallen Studio (Bergen) i 1992-1993. Eit studio som er med på å gi den karakteristiske og grandiose klangen. Pytten (Eirik Hundvin) var produsent, Aarseth og Blomberg medprodusentar. Det blei utgitt på plateselskapet til Aarseth – Deathlike Silence Productions, og Voices of Wonder stod for distribusjon.

Manuskriptas proveniens

Manuskripta til sju av åtte låtar på De Mysteriis Dom Sathanas blir forvalta av Rockheim. Tekstane blei donert av Snorre Ruch (f. 1972) til museet i mars 2009. Ruch er gitarist og komponist i bandet Thorns, var medlem i Mayhem frå 1992 til 1993 og sentral under innspelinga av De Mysteriis Dom Sathanas – trass i at han ikkje er kreditert på plata.

Seks av dei sju manuskripta er forfatta av Ohlin. Den siste teksten, “Cursed in Eternity”, som originalt hadde tittelen “O-yama” er forfatta av Mayhem-bassist Stubberud. Då Ohlin tok sjølvmord i 1991 (22 år gammal), overtok Aarseth ei mappe med ni Mayhem-tekstar (to er framleis ubrukte). Bandet delte på dåverande tidspunkt eit hus i Kråkstad i Ski. Aarseth var den som fyrst fann Ohlin. Seinare gav han tekstmateriale vidare til Ruch for redigering før plateinnspelinga i Bergen. Ruch endra minimalt, men fekk óg i oppdrag å instruere den nye vokalisten Attila i korleis å porsjonere ut vokalen/tekstane i låt-komposisjonane. I 2009 donerte Ruch alle dei ni manuskripta til Det nasjonale museet for populærmusikk.

Svartmetallens ulike narrativ

Sjangeren black metal har fått namnet etter albumet Black Metal til det engelske bandet Venom frå 1982. To andre viktige inspirasjonskjelder for norsk black metal  – i tillegg til punk, Kiss (ansiktsmålinga), splatterfilmar og fantasylitteratur – er sveitsiske Celtic Frost og svenske Bathory. Sistnemnde løfta fram tematikken rundt vikingar og åsatru.

Black metal oppstod i si reindyrka form i Noreg som eit unikt politisk, sosialt og ideologisk produkt. Den musikalske forma er vanskeleg å forstås isolert frå dei verdiane, haldningane og normene som råda i det vesle miljøet av unge musikarar då Noreg entra 1990-åra. I tillegg til at ideane kjem til uttrykk i musikken, resulterte overtydinga for medlemmar i ”den sorte sirkelen” i nyhedensk aktivisme. Denne aktivismen fargar framleis vår oppleving av musikken, og har vore svært viktig for den internasjonale utbreiinga av den.

Den opphavlege ideologien var hovudsakleg satanisme og ein sterk elitistisk individualisme, mest sannsynleg basert på ei simpel forståing av Nietzsche, gjennom sekundærkjelder, skriv medredaktør i Minerva Fredrik Wang Gierløff i arikkelen ”Nasjonalsatanisten resignerer” frå 2010. (Vegard Sverre ”Ihsahn” Tveitan frå Emperor var blant dei som skreiv tekstar inspirert av Nietzsche. Demokassetten Wrath of the Tyrant frå 1992 er døme). Aarseth – ideolog og låtskrivar i Mayhem, i tospann med Ohlin (tekstforfattar og vokalist) var sentrale i utviklinga av det ekstreme og satanistiske tankegodset innan miljøet og sjangeren.

Under Musikjournalens intervju frå 1993, rett etter at plata var ferdig innspelt, sa Aarseth: “satanisme er religionen til bandet, vi lever i gamledager, dyrker død og det onde”.

Ein rein dødskult-aktig fascinasjon for og dyrking av det vonde og menneskefiendtlege (folkemord og øydeleggjing) var sentral, i all sin ungdommelege naivitet. Frå desse hovudsakleg antikristne haldningane blanda det seg inn ein sterk straum av nasjonalisme og seinare odinisme og paganisme. Dette leia vidare til ei romantisering av den førkristne og førindustrielle noregshistoria.

Black metal er ikonoklastisk. Den vil øydeleggje det heilage og knuse illusjonane. Estetikken skrik opprør og tiltrekkjer seg derfor òg ideologiar som omhandlar opprør. Men ved sidan av raseriet og hatet, ligg ein djup lengsel og ei framandgjering. Melankolien er essensiell.

Skal man studere utviklingslinjene i black metal-genealogien, er det viktig å huske at all denne oppsiktsvekkende jævelskapen ble forstått av tenåringer, vokst opp i et velfungerende, men også lyddempet sosialdemokrati og med en ungdomskultur som var avideologisert etter Murens fall.  Black metal ble, med sitt alvor, sin nyromantiske visuelle estetikk og sin orientering mot litterær gotikk, et lokkende alternativ til den vestlige ungdomsværemåten som på 1990-tallet fikk navn fra sin egen slapphet: slacker. (Audun Lindholm i Vagant 18.11.2013)

Andre popkulturelle uttrykk i 1990-åra var prega av amerikansk kapitalisme, lett ironi, leikande naivisme, medialt metamedvit og små forteljingar. Medan dei norske metallmusikarane grov seg ned i det mørklagte og mytiske grunnlaget for nordeuropeisk kultur.

Norsk black metal, ein gong ein skummel musikalsk subkultur, er i 2014 god butikk og i Noreg ei påverknadskjelde langt ut over rekkene av ”metal heads”. Då Satyricon slapp sitt sjølvtitulerte album hausten 2013 hoppa dei rett inn på fyrsteplass på dei nasjonale platelistene, med lanseringskonsert i Den norske opera og eit fire siders lanseringsintervju i Dagens Næringsliv. I samband med at bandet skulle legge ut på verdsturné med same album, dukka Sigurd Wongraven (Satyricon) opp i tv-studio til Lindmo på NRK saman med påtroppande statsminister frå Høyre Erna Solberg, og gründarane bak klesdesignmerket Moods of Norway.

Der satanismen ein gong dominerte, er black metal anno 2014 prega av ei djupare fragmentering: paganisme, nihilisme, nasjonalisme, anarkisme, sjølvmordsdyrking, okkultisme, odinisme og økologisme. Lista er ikkje komplett. Gierløff argumenterar for at den mest framtredande ideologiske tendensen innan sjangeren i dag er nasjonalisme, som av og til kjem til uttrykk som rein nasjonalsosialistisk black metal (NSBM). Denne undersjangeren veks hovudsakleg i Aust-Europa.

Bak dei varierte ideologiske orienteringane i moderne black metal eksisterar det eit fellesgods i framandgjeringa. Så godt som alle deler ei forakt for det moderne samfunnet, massekapitalismen og liberale idear om likeverd og fridomsideal – her i Noreg kan me òg føye til den sosialdemokratiske ”likhetskverna”.

Mortem Animalium

Hardrockens tekstunivers frå Black Sabbath av har romma groteske og dionysiske element, fragment frå greske og norrøne myter så vel som utplukk frå kristendommens grunntekstar. (”The Dawn of a New Age” på Satyricons Nemesis Divina (1996), består til dømes av lett omskrivne setningar frå Johannes’ Åpenbaring).            

Den eldre edda er kjelde til store delar av black metal-sjangerens lyriske standardelement, skriv LindholmDenne tendensen oppstod i kjølevatnet av albumet Blood Fire Death (1988) av Bathory, med Peter Nicolai Arbos måleri Åsgårdsreien (1872) på omslaget. Det er særleg Våluspå – det fyrste diktet i Den eldre edda, som har vore brukt.

Diktet utgjer ei verdshistorie som kort fortel om verdas skaping, og gudane og menneska sin skjebne fram til verdas undergang under det framtidige Ragnarok. Våluspå avsluttar med ei kort skildring av ei ny og betre verd som fylgjer etter dommedag.

Dommedagsprofetier er òg ein del av narrativet til Mayhem. De Mysteriis Dom Sathanas – med sine åtte spor, er eit mørkt album, i både lyd, bilde og lyrikk. Gjennomgongstemaet er død.

“From a place empty of life / only dead trees are growing here”, gurgler Attila på det fyrste sporet “Funeral Fog”. I eit intervju gjort av ”Morgan fra Marduk” i 1990/91, og publisert i Slayer X. Past Present Forever i 1995, forklarar tekstforfattar Ohlin det slik: “it’s about a legendary place in the middle of the Carpathian horse shoe. A swampland called Shurlock Basin which is surrounded by fearful superstition and the weirdest beings are thought to haunt the place”.

Låta “Pagan Fears” omhandlar – ifylgje Ohlin, eit eldgammalt og barbarisk samfunn og ideen om at fortida ikkje døyr eller forsvinn, men forblir i fortida, for så å kome tilbake og jage menneske i framtida. “The time itself exists and is eternal, so is it vanishing? They realise they remain forever”.

Ohlin fortsetter: ”The most difficult one so far is the one that will be the title track on De Mysteriis Dom SathanasI intervjuet med ”Morgan fra Marduk” forklarar han at låta var så godt som ferdig, før den blei vraka, fordi det musikalske ikkje holdt mål. ”Then I found that the lyrics weren´t evil enough and it didn´t describe the enormous force enough. Anyway, we will involve our self very much in this particular song”.

Attila vekslar mellom engelsk og latin, ”growling” og ei messing som kan minne om gregoriansk sang. Under ”growlinga” kan du få inntrykk av at vokalisten er i ferd med å stryke med. Slik underbyggjer lyden dødstematikken i lyrikken.

Teksten omhandlar, ifylgje forfattaren, ei svært sjeldan og okkult bok laga av menneskehud ved namnet De Mysteriis Dom Sathanas. Boka er i bruk under ein heksesabbat der ei geit blir ofra.

Dødsdyrkinga på albumet og heksetematikken i låta er uttrykk for både samfunns- og religionskritikk. Aarseth og disiplane hans hadde eit ynskje om å kome den overflatiske ignoreringa av og angsten for døden og det vonde til livs.

Kjelder

Bakke, Hobbelstad, Kvalshaug og Nilsen: Norske Klassikere, Spartacus, 2012

Gierløff, F.W: ”Nasjonalsatanisten resignerer”, http://www.minervanett.no/nasjonalsatanisten-resignerer-2/, 25.03.2010

Hagen, L.P: “De Mysteriis Dom Sathanas” i Morgenbladet Topp 100, Falck Forlag, 2011

Kristiansen, J. & Warrior, T.G (red.): The Slayer Mag Diaries, Bazillion Points, 2011

Lindholm, A: “Moods of Norway”, http://www.vagant.no/moods-of-norway/, 18.11.2013

Mayhem: De Mysteriis Dom Sathanas, Deathlike Silence Productions, 1994

Moynihan, M. & Søderlind, D: Lords of Chaos. The Bloody Rise of the Satanic Metal Underground, 1998

Ohlin, P.Y: Mayhem-manuskript, 1988-1991

Ruch, S: intervju i samband med donasjon 23.03.2009, samt telefonsamtale 27.11.2013

Stubberud, J: intervju i samband med donasjon til museet 2009, og epostkorrespondanse januar 2014

Zebub, B: Black Metal. A documentary, 2007

Aarseth, Ø: intervju med Musikjournalen, Sveriges Radio, P3, 1993 (http://www.youtube.com/watch?v=vuUUEr8CdR8)