Hopp til hovedinnhold

Morten Andersen

Fotograf Morten Andersen har hatt ei rekkje separatutstillingar i både inn- og utland. Har har gitt ut seksten store og små fotobøker, og er innkjøpt av Museum fur Kunst und Gewerbe i Hamburg, Public Library i New York og Preus Museum – Norsk Museum for Fotografi. 

Andersen byrja å fotografere i 1980, då han gav ut fanzina Riot, og fortsette med Blendverk, Fritt Fall, Kræsj og Golyden før han byrja å ta bilete for musikkavisene Puls og Beat. Han utgjorde ein del av Beat-redaksjonen allereie frå fyrste nummer i 1984. Saman med Kjetil Andersen starta han plateselskapet (Hit Me ! records). Han har frilansa for ei rekkje aviser, og har hatt Statens Garantiinntekt for kunstnarar sidan 2011.

Dei 52 Andersen-bileta i samlinga til Rockheim stammer i all hovudsak frå to ulike publikasjonar. Fotoboka White Nights. Rocknroll photography (2006) som dokumenterer eit utval undergrunnsscenar og -band aktive i Oslo i 1980- og tidleg 1990-åra. Bok nummer to er Ass Times Goes By (2008) beståande av Turbonegerfotografi frå perioden 1990 til 1998. Andersen opererer mest innan reportasjesjangeren, og har klart å fange kjensla av å vere publikum på sveitt klubbkonsert. Bileta er prega av rørsle og energi og gir ein slåande og intim visuell versjon av musikken og kulturen dei dokumenterer.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1