Hopp til hovedinnhold

Peter Beste

Peter Beste (f. 1978) er ein amerikansk dokumentarfotograf med base i New Mexico og NYC. Han starta karrieren med foto frå oppvekstmiljøet rundt hardcore-scenen i heimbyen Houston, Texas. I sitt profesjonelle liv som fotograf har han arbeidd mykje med å dokumentere ulike musikkulturar.

Den fotografiske stilen til Beste er dokumentarisk og metoden antropologisk. Han brukar lang tid på å observere og å bli kjent med kulturane han fotograferar: artistar, omgivnader og publikum. Fotografia har og en tydeleg kunstnerisk signatur, med inspirasjon fra fotografar som William Eggleston, Daido Moriyama og norske Rune Johansen.

Dei tre største dokumentasjonsprosjekta hans så langt har omhandla Houston rap-scenen, norsk black metal og skandinavisk dansebandkultur. Dei to fyrste har resultert i påkosta fotobøker: True Norwegian Black Metal (2008) og Houston Rap (2013). Alle tre prosjekta var representert i Rockheim-utstillinga Innenfor/utenfor, våren 2012.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller
rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller
rettighetshaver.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1