Hopp til hovedinnhold

Supersonic Scientists

”Dette møtet kan bli kort, eller det kan bli langt. Spørsmålet er: hvordan går det med bronsestatuene av Hans Magnus og meg? Du vet, det blir ikke noe utstilling dersom de ikke blir plassert ved hovedinngangen til Rockheim.” (Bent Sæther, 3. oktober 2014)

  • 1/1

Rockheim Temporær, 16. oktober 2015 - 30. april 2016

Se utstillingsbloggen her!

Det er mange ting å ta stilling til når Rockheim no lagar ei retrospektiv utstilling om bandet Motorpsycho.​

25 produktive år og tilløp til samlemani gir mykje å ta av.

I over eit år har ei prosjektgruppe på Det nasjonale museet for populærmusikk jobba med systematisk innsamling og dokumentasjon. Finlytting, lange videointervju, innkjøp av instrument og musikkteknologi, kartlegging av eksterne samlingar og ressursar, deponering av masterband og filmmateriale hos Nasjonalbiblioteket, gjennomgang av bandarkiv, supplerande innsamling av plakatar, digitalisering av plateomslag, transkribering av intervju og registrering av foto høyrer med til kvardagen.

Me har fokusert på følgende:

Korleis blir eit rockealbum til? Kva er det som utgjer lyden av Motorpsycho? Korleis føregår arbeidet i studio? Kven er det, i tillegg til bandet, som er med på å gi eit album bein å stå på? Korleis er det mogleg å gjere alternativ rock til eit levebrød i tjuefem år?

Utstillinga inviterar publikum inn i kvardagen til dei soniske forskarane i Motorpsycho. Den har eit spesielt fokus på vegen fram mot ferdig produkt, året 1997 og innspelinga av plata Trust Us.

Rockheim kan ikkje love bronsestatuar, men mykje anna i utstillinga Supersonic Scientists.

Ynskjer du å vite meir om prosjektet kan du besøke bloggen Supersonic Scientists. Denne bloggen dokumenterer prosessen fram mot opning, tar tak i ymse sidespor, og inviterer publikum til å ta del i kurateringa.

Utstillingen Supersonic Scientists står på Rockheim frå 16. oktober 2015  til 30. april 2016.

En rekke aktiviteter er planlagt i utstillingsperioden.

16. oktober: Utstillingsåpning
17. oktober: Motorpsychedelisk byvandring ved Morten Haugdahl
17. oktober: Motorpsycho spiller Demon Box (utsolgt)
18. oktober: Motorpsycho spiller Demon Box (utsolgt)
19. oktober: Motorpsycho spiller Demon Box (utsolgt)
29. oktober: Spesialomvisning i utstillingen med kurator Synnøve Engevik
6. november: Instrumentkunnskap: Theremin. Med Helge Sten og Lars Erik Melhus Brustad. Historikk og demonstrasjon av thereminen. Big Briar-thereminen brukt på Trust Us blir med.
13. februar kl. 15: Musikkforedraget – Little Lucid Lecture med Tommy Olsson. Om Motorpsychos progresjon og inspirasjon, album for album.
17. mars – Åpning av galleriutstilling med turneplakater av Motorpsycho. Konsert med Trio Søt og overraskelser på utstillingsåpningen.
28. april kl. 19 – Spesialomvisning i utstillingen med kurator Synnøve Engevik.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1