Rockheim Temporær, 8. mai - 29. desember 2013
Iran var eit avbrekk i The Dandy Girls sin eitt år lang turné i eit krigsherja Søraust-Asia. Den omfattande internasjonale konsertverksemda gjorde dette norske bandet til kulturhistoriske pionérar. Likevel har forfattarane av historia om norsk pop og rock ignorert dei i stort monn.
Les hele katalogen med essay av Jenny Hval, Synnøve Engevik, Jon Mikkel Broch Ålvik, Birgitte Sandve, Charlotte Myrbråten og Petter Myhr her:
På overflata kan det sjå ut som at populærkulturen generelt og pop og rock spesielt har vore med på å sprenge grensene for kva som er passande feminin og maskulin oppførsel. Tenk berre på den lange luggen til gutane i The Cool Cats, på Kvinnefrontbandet Amtmandens Døtre som let alt kroppshåret gro, på jentene i punkbandet Norske Budeier som barberte hovudet, og på puddelrockmennene i People som bleika håret og tok permanent.
Ei grundigare gransking av populærmusikken som industri og estetisk produkt avdekker også det motsette. Både med omsyn til kjønnsrepresentasjon og bodskapar kommunisert gjennom til dømes songtekstar, har kulturfeltet pop og rock fungert kjønnskonservativt.
Det har vore store framsteg. Framsteg som resultat av kamp. Utstillinga I dreamt I was a real boy ser nærare på desse kampane, på nye kvinnelege og mannlege identitetar, og på små og store kjønnsopprør i norsk pop og rock.
Formidlingstilbod
Opningsfest med konsert av Jenny Hval og Nils Bech
Spesialomvisingar i helgene
Pedagogisk tilbod til vidaregåande og ungdomsskular i Trøndelag gjennom DKS
Samarbeid med Teateret Vårt, som satte opp ungdomsforestillinga Lilla på Rockheim
Rockheimkunnskap: Amtmandens Døtre
Bildegalleri åpningsfest
Fra åpningsfesten for I Dreamt I Was A Real Boy på Rockheim 8. mai 2013