Hopp til hovedinnhold

Musikkfoto 1979-1986

Han var der då det eksploderte. Då punken kom til Noreg og endra rocken for all ettertid. Vår mann var væpna med eit kamera, og på kamera – eit normalobjektiv. Ikkje noko fiksfakseri. Fin Serck-Hanssen og hans Minolta var deltakande observatørar i ein eksklusiv subkultur med store popkulturelle ringverknadar. Resultatet er unike historiske dokument og stilsikre estetiske objekt som på slåande vis korresponderar med haldningane innan punken.

  • 1/1

Rockheim Galleri, 23. oktober - 11. desember 2011

Punk mellom to permar og på utstilling

The Cut, Kjøtt, Ramones, Wanskrækk, The Cure, Iggy Pop, Depeche Mode, Ebba Grön, Oslo Børs, Holy Toy. Alle inngår i boka In Between Pictures – Photographs 1979-1986 (Teknisk Industri og Fälth & Hässler), og i Rockheim-utstillinga «Fin Serck-Hanssen. Musikkfoto fra 1979-1986″. Både boka og utstilinga vil bli presentert og diskutert i ein samtale mellom fotograf Fin Serck-Hanssen og musikkjournalist Geir Rakvaag under Trondheim Dokumentarfestival på Dokkhuset 26.11.

Meir om Fin

Fin Serck-Hanssen (f. 1958) tilhøyrer toppsjiktet av norske fotografar og har sidan starten av 1980-talet gjort karriere både nasjonalt og internasjonalt. Han er representert ved ein rekkje sentrale kunstinstitusjonar, og er kjent for sine nære og usentimentale bilete av minoritetsgrupper som aidssjuke, fengselsinnsette, Nordsjødykkarar og homofile.

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1