Painting the Night Unreal

Painting the Night Unreal syner eit utval konsertplakatar laga av både norske og utanlandske arrangørar og designarar dei siste 25 åra. Her kan du oppleve korleis eit og same band kan inspirere eit vell av ulike visuelle uttrykk. Utstillinga utfordrar deg til å studere farge og form, kvaliteten i bruken av visuelle verkemiddel, figurteikning og komposisjon.

  • Painting the Night Unreal - header
    1/1

Rockheim Galleri, Trondheim: 17. mars – 30. april 2016

Nasjonalbiblioteket, Oslo: 3. juni – 27. august 2016

Silketrykk og offset, foto og psykedeliske illustrasjonar, letraset og integrert og nærast uleseleg typografi. Mangfald er eit dekkande stikkord i møte med både musikken og plakatane til Motorpsycho.

Plakaten som medium er ei hybridform. Den eksisterer i grenseområdet mellom fri kunst og brukskunst, kultur og kommers, avantgarde og populærkultur. Kor vidt resultatet blir det eine eller det andre, eller både og, kjem i stor grad an på den aktuelle plakatteiknaren.

Å skape ein konsertplakat er å ta pulsen på tida og tendensane, og finna eit dekkande symbolspråk. Det er den tolkingsaktiviteten dette inneber som må vera kunstnarleg om plakaten skal ha verdi utover funksjonsperioden.

I val av idé, verkemiddel og teiknestil viser individualiteten til plakatkunstnaren seg, og til liks med annan bildekunst, til dømes kunstgrafikk, er originalitet og ein personleg stil kriterium for ein plass i plakathistoria.

Plakatane kommuniserer tekstleg det same: bandnamn, arrangør og dato. Likevel er dei høgst ulike. Her er kvinnelege skikkelsar i art nouveau-stil, vikingar, astronautar, subkulturelle referansar, her er masker, venger, motorpsykotiske grønsaker og ikkje minst: eit vilt og vidt spekter av fargar.

Alle utstilte eksemplar høyrer til Rockheim og Nasjonalbiblioteket sine samlingar.

Foto fra utstillingsåpninga

  • Painting the Night Unreal - plakat
    1/1
    Utstillingsplakat