Dale Mannskor nyttar ofte karakteristikken «frå børs til katedral» om det allsidige repertoaret som inneheld profan-musikk og kyrkje-musikk frå ulike tidsepokar og varierande stilartar. Nettopp mangfaldet i musikkutvalet gjer at koret kan ta del med song i svært ulike arrangement, og slik har det også vore gjennom den siste mannsalderen både lokalt i eige distikt, regionalt, på landsplan og i utlandet.
Koret har eit rikhaldig «fest-repertoar» av lettare songar, bordviser og drikkeviser, som gjer at det kan skapa stemning og underhaldning når songarar møtest.
Koret reiser mykje, og har delteke under messer og holdt konsertar i over 40 av dei flottaste katedralane i Europa, mellom anna Kølnerdomen, Sacre Ceur i Paris, La Sagrada Familia og Peterskyrkja i Roma.
Koret kjem frå Vaksdal kommune, mellom Bergen og Voss, og har for tida 28 medlemar. Dirigent er Lars Ragnvaldsen, som gjennom 56 år har hatt det musikalske ansvaret for koret.