Hopp til hovedinnhold

Paal Audestad

Paal Audestad (f. 1968) er ein norsk pressefotograf, busett i Oslo, og utdanna ved Norsk Pressefotografskole.

Frilansfotografen starta karrieren for Nye Takter i 1986 som sekstenåring. I tillegg til aviser som VG, Dagsavisen, Aftenposten og A-magasinet har han tatt oppdrag for forlag, reklamebyrå og artistar.

Audestad har vunne ei rekkje prisar i Årets Bilde-konkurransen, blant anna fyrste pris i klassane Sport feature 2008, Portrett 2009 og Årets Reportasje 2000. I 2010 fekk han òg andreplass i reklamebransjens fotokonkurranse Gullsnitt. Audestad er knytt til bildebyrået Samfoto.

Frå 2002 til 2012 gjorde Audestad ein omfattande dokumentasjon av Kaizers Orchestra. Arbeidet resulterte i bøkene: Kontroll på Kontinentet (2006) med Jan Zahl og Blitzregn 02 – 12. Ti år med Kaizers Orchestra (2012), med Terje Winterstø Røthing, samt utstillinga Blitzregn i Rockheim Temporær februar 2013.

Samlinga på Rockheim – 166 fotografi, inneheld konsert-, reportasje- og pressefoto tatt mellom 1980 og 2000. Hovudtyngda i samlinga er svart-kvitt-foto av Kaizers Orchestra, nokre av dei er tidlegare upublisert.

Alle fotografier er gjengitt med tillatelse fra opphaver eller rettighetshaver. All bruk av tredjepart må avklares med opphaver eller rettighetshaver.